Brannforsikring og branntakster

Kort om brannforsikring
Normalt vil store verdiar vere bundne i bygningar, og den som er så uheldig å miste hus og heim i ein brann, ville oftast stå fattig tilbake, om ikkje forsikringa var i orden, og ein gjennom den fekk risikoen delt på mange. Problemstillinga er sjølvsagt gammal, og ein finn tankar rundt den mellom anna i dei gamle norske lovene. I byane låg husa tett, og det kunne lett verte store konsekvensar om elden først fekk sleppe laus. Difor er det eigne lovparagrafar om den som slapp eld laus, og som i prinsippet stod ansvarleg for skadane. Og det var reglar for erstatning til den huseigaren som fekk huset sitt nedrive for å lage branngate.

Men sjølvsagt var det best om ein kunne vere føre var, og det vart alt i mellomalderen tilsett vektarar i byane. Dei skulle gå rundt nattestider og mellom anna sjå om det kunne bryte ut brann. Men i byane låg husa tett, og med dårleg sikring av lys og omnar, var faren stor for at eit uhell kunne føre til brann. Og det brann relativt ofte. I forsøk på å avgrense skadene om brannen først oppstod, vart det laga breie allmenningar, der ein kunne ha håp om å få stansa brannen, om ikkje vinden var for sterk. Og brann først huset ned, ville eigaren oftast ha eit alvorleg problem. Han kunne søke om skattefritak, og ved omfattande brannar vart det samla inn pengar i kyrkjene til hjelp, men det var huseigaren sjølv som måtte bere storparten av tapet, og mange vart nok ruinerte om uhellet først var ute. Det kunne endrast om ein fekk brannforsikring, der mange huseigarar kunne skyte inn pengar i ei felles kasse, til hjelp for dei som var uheldige.

Sist på 1600-talet vart det starta slike brannforsikringsordningar i Tyskland og England. Til Skandinavia kom tanken for alvor etter den store brannen i København 20. oktober 1728, og der fekk ein oppretta ein brannforsikringskasse i 1731. Men brannar trua mange stader, og i 1761 vart det i Danmark oppretta ein "almindelig" brannforsikringskasse for kjøpstadene, men der ein og kunne få forsikra bygningar på landsbygda, om ein ønskte det. I Danmark kom det ein eigen kasse for "landbygninger" i 1792. I Noreg vart det i 1767 stifta ein offentleg brannkasse for heile landet, og den fekk etter kvart namnet "Norges brannkasse". I kjøpstadene var huseigarane pålagde å forsikre husa sine, medan det ikkje var tilsvarande krav for husa på landet. Det var omsynet til den større brannfaren i byane som låg bak. Der kunne ein brann og lett få spreie seg, og kunne difor verte svært omfattande og kostbar. I 1846 vart det innretta brannforsikring for alle kommunar i landet gjennom den offentlege brannkassen, og lensmennene vart pålagde å vere branntakststyrarar og innkrevjarar av forsikringspengar. Men det var framleis slik at det utanfor byane var opp til den einskilde om dei ville forsikre husa sine, og i andre halvdel av 1800-talet vart det skipa ei rad private brannforsikringsselskap, t.d. Storebrand i 1847, Norge i 1857, Bergens Brandforsikringsselskab i 1866 og Vesta i 1880.

Lensmennene har ført protokollar over dei branntakstane dei styrde frå 1846 til 1955, og dette materialet ligg som oftast i lensmannsarkiva. Det vart og sendt inn kopiar av branntakstane til selskapet, slik at materialet har vorte arkivert dobbelt.

I branntaksten kan ein finne opplysningar om dei ulike bygningane som var forsikra, oftast med oppgjevne mål, med ein del opplysningar om fast inventar og innreiing, og om avstand til naboeigedommar. Om ein bygning vart ombygd, var det naturleg å be om ny branntakst, og då kan vi lese ut av protokollane både korleis det hadde sett ut før og etter ombygging.

I lensmennene sine branntakstprotokollar finn vi sjølvsagt berre takstane på eigedommar forsikra i Noregs Brannkasse, og sidan det utover i andre halvdel av 1800-talet kom ei rad andre og private forsikringsselskap, er det berre ein liten del av eigedommane på landet ein kan vente å finne i branntakstprotokollane.

For Hordaland er det laga eit felles branntakstregister, som ligg tilgjengeleg på internett under Digitalarkivet, Der finn vi mellom anna tilvisingar til branntakstane i Eidsvåg i 1856, og for å sjå kva ein kan finne i desse forretningane, kan du gå hit .